fredag 16. oktober 2015

Bildemanipulering eller kontrollert herjing med forografier

I denne oppgava skulle vi bruke minst tre bilder og sette disse sammen til ett-
Eg tok utgangspunkt i at eg held på å sette opp nytt bilhus.
Samstundes jakter eg elg og eg kombinerte bilhus, bil og elgfall...
Har igjen mykje arbeid med å ta vekk meir stæssj rundt elgen, men ei moro oppgåve som eg vil trene meir på...

mandag 12. oktober 2015

Høysæl i Nome

I gamal tid bygde bønder høysæl, eller enkle høylager der dei hadde grasslått i stor avstand frå garden der dei hdde dyra. Desse høysæla fungerte som lager for tørt høy som dei kjørde heim når hovedlåven begynte å bli tom for dyrefor. Dei bildene eg har lagt ut er tatt i Nome, men det er ikkje 100 prosent sikkert at berre blei nytta til høy. Redskap var og viktig å halde tørt og "under tak"


tirsdag 6. oktober 2015

Er du interessert i grafisk design? Digital mediedesign  er midt i blinken for deg som vil vere med å designe magasin, nettsider eller gjere realitet ut av eit filmmanus. Her får du utforske eit breitt spekter av medium – frå kunst og uttrykk, til å planleggje og jobbe kreativt med film.

Studiet gir deg viktig kunnskap om både å skape visuelle uttrykk, men også å reflektere over dei. Vi lever i eit samfunn der ein stor del av kommunikasjonen som omgir oss er visuell, og kunnskap om visuelle uttrykk blir stadig viktigare. Kvar dag blir vi utsette for inntrykk som har vore gjennom ein digitaliseringsprosess. Kva gjer det med oss, og kor går grensa? Bli med å utforske eit aktuelt og spennande felt!

Eg har alltid vore opptatt av bilete og film, men aldri gjort alvor nok til å vite meir om kva dette er i eit historisk perspektiv der mykje av utviklinga går med raserfart og ein klarar knapt å fylge meg i det som skjer. Nåe har eg begynt og vil i denne blogge leggje ut litt av det eg lærer og litt om det oppagåven vi skal løyse...






Bilder tatt med mobilen der vi skulle finne ut om:
Bilder i kvardagen • Biletets funksjon • Fotografiet 

Mobilfotografi – oppgave 1 
• Fotografer motiver med mobilkameraet der linje/linjer er den bærende elementet i komposisjonen. 
• Linje – Horisontal – Vertikal – Kurver – Zikzakk