tirsdag 20. september 2016

Digital oppvekst - kapittel 2


Kva rolle spelar digitale medium på barn og unge sin oppvekst?

Med aukande tilgang til digitale medium aukar tida dei unge sit føre ulike typar skjermar.
Mobiltelefon, lesarbrett,spelkonsollar, fjernsyn, datamaskiner. Tilbodet er veldig og aukande – og alternativa for underhaldning (og opplysing!) via digitale medium er enorme.Mellom ungdom er det som blir kalla «sosiale medium» (Facebook,Twitter,Snapchat etc.) blitt ein heilt dominerande fritdssyssel.Undersøkinga frå 2009 viser at ungdom ( 8 år – 24 år) i gjennomsnitt brukar 7 timar 58 minutt på digitale mediet på ein heilt vanleg dag.

Digitale medium har ein rikeleg innverknad på barn og unge sin oppvekst på fleire område. Barna blir gjennom digitale medium eksponert for enorme mengder med reklame – eit medieformidla kjøpepress, utsjånadpress – og kroppsfokus. Ungdomsgruppene er eit lett byte for livstilsindustrien og for dei som kommersialiserer trendar, utviklar dei vidare – og sel dei attende til ungdomen. Dette hende med punken og punkemotet i Englad og USA på 1970- talla. I dag er påverknadsmåtane langt større enn den gong – gjennom eitt utal digitale medieplattformer.

Neil Postman i Teknopolis (1992) meiner at dei nye medis påverknad fører til at barn misser barndomen veldig tidleg. Digitale medium fører raskt barn inn i verda til dei voksane. Alt er tilgjengeleg for alle – alltid.

Medienes negative påverknad på barn og ungdom blei diskutert alt i 1970 åra. Då var hovudfokuset i debatten vald i videofilmar (Motorsagmassakren (1974) og Evil Dead (1983).)


Likevel: Don Tapscott (1998) uttrykkjer von i tilhøve til the Net Generation – og meiner at dei unge beherskar digitale medium og brukar dei på ein kreativ og utforskande måte. Mange videoar som blir skapte av dei unge og publiserte på nett, kan tyde på at dei nye media stimulerer kreativitet. Dei unge er aktive mediebrukarar. Dei hentar kunnskap og inspirasjon frå nette og digitale medium.

Somme peikar òg på ei rikeleg utvikling i barn og unge si mediebruk:

Frå passiv tilskodar til aktiv produsent og innhaldsskapar.

Dei unge kan lett laga heimesider og grafikk. Dei teiknar, lagar multimediepresentasjonar, redigerer foto – og videofilmar, søkjer informasjon, lastar ned musikk og filmar, chatter, sender og motta e-post, surfar på nettet, dei er på sosiale medium (Facebook, Twitter) – dei spelar spel.

Ein stor og variert del av ungdomslivet blir levt på og igjennom digitale medium.

Med eit så stort spekter av aktivitetar og bruk blir utvikla evner til å handtere kompleksitet og takle mange informasjonskilje, arbeidsmetodar og digitale arbeidsreiskapar. Den engelske frasen “multitasking” fangar godt dagens unge sin kompetanse og aktivitet i mediesamfunnet.

Gjennom digitale medium tillegenar dei seg kunnskap, opplevingar og informasjon frå ulike kjelder og sjølvsagt av ulik kvalitet. På nett er det ingen redaktør som kvalitetssikrar innhaldet.

Digitale medium er blitt ein attraktiv og umissande læringsarena med eit gedige mangfald av moglegheiter for underhaldning og undervising. Læring og underhaldning kan enkelt hentast inn frå heile verda.

Digitale medium er eit verdifullt supplement til lærebøker med helt andre typar verktøy for kommunikasjon og formidling av kunnskap: Film, grafikk, bilete, lyd, interaktivitet, videokonferansar, undervising i virtuelle nettverk, nettbasert læring.

Men det lurer farar: I følgje den tyske sosialiseringsforskaren Thomas Ziehe påverkar media òg dei ungen si identifikasjonsutvikling som skjer mellom kommersiell livsstilindustri og dei gjeldande kulturelle normene representerte foreksempel ved foreldregenerasjonen. “Slik dobbelbinding skaper eit press som gjer identitetsutviklinga meir kompliserte, samansett og sårbar.

internett lèt dei unge vise ulike sider av seg sjølv på nye måtar. Det aukar sjansar for kommunikasjon og eksperimentering med identitetar “.

Unge får nye høve for å kommunisere gjennom internett: Det blir skapt nye rom for utvikling av venskap og utveksling av opplevingar. Og det blir skapt nye moglegheiter for mobbing og hets. Digitale medium kan òg vêra eit farleg våpen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar